lørdag, 06 september 2014 00:00

Brygger eige øl i "ny" pub

 Preben Moen har investert nær ein million i kjellaren på Gloppen hotell. Puben står fram i ny drakt, og draumen om å brygge eige øl putrar på bakrommet.

Puben var skikkeleg brun. No har vi letta litt på det preget, seier Moen.

Vegger, interiør og golvbelegg er skifta ut. Og store veggbilde frå gamle Sandane understrekar særpreget.

Og i eit lite rom bak baren har Moen fått på plass sitt eige bryggeri. To tankar, kvar med kapasitet på 500 liter er på plass i rommet. Går alt som planlagt er produksjonen i gang før jul.

 – Styrker særpreget

– Det er viktig for å styrke særpreget ved hotellet. I dag har vi berre heimelaga mat laga av råvarer produsert i Gloppen på menyen. Når bryggeriet er klart kan vi også tilby heimelaga øl, seier Moen.

Strålande nøgd med resultatet, og alt tre veker etter at lokala vart tekne i bruk kan han også konstatere at dei er svært populære.

– Vi har hatt seks arrangement her alt no. Det er meir enn dei gamle lokala vart brukte på eit heilt år, seier landets yngste hotelldirektør.

 Tidenes hotellår

2014 blir hans første heile år som direktør etter at han måtte ta over på kort varsel etter at faren døydde brått.

– Og det ligg an til at 2014 blir tidenes hotellår. Hotellet er fullbooka til eit stykke ut i oktober. Og julebordbestillingane teiknar bra, seier Moen.

Han karakteriserer 2013 som eit tungt år for Gloppen Hotell, men klagar ikkje over det økonomiske resultatet. Før skattefuten hadde fått sitt var overskotet ein million, rundt ein halv million under rekordåret 2012.

Reindyrkar profilen

– Og med den nye puben på plass håpar vi å skape meir aktivitet i vintermånadene, som normalt er stille periodar, seier Moen.

No vil han reindyrke Gloppen-profilen. Fjordameny foredlar i dag lokale råvarer som blir brukt i hotellets meny og selt som gardsmat. Det skal skje også i framtida, men då under namnet Gloppen Mat. Ølet skal heite Gloppen Brygg.

– For oss er det viktig å profilere Gloppen-preget, også det for å styrke vårt særpreg, seier Moen.

Fredag var han og kjøkkensjef Bodil Fjellestad vertskap for landbruksminister Sylvia Listhaug.

Ho starta sitt besøk i Nordfjord med lunsj på hotellet på Sandane, og fekk ei kjapp orientering av kjøkkensjefen før maten vart servert.

 

 

Tilleggsinformasjon

Lest 1515 ganger